NHF






15/12/2002
Årsmøte Mino H.K.
Sist søndag vart årsmøtet i Mino H.K. avvikla på Nordfjord Hotell. Avtroppande formann Gunnar Bugge kunne konkludere med at det har vore ein god sesong for hesteskoklubben. Høgdepunktet var NM på heimebane, der Kristen og Synnøve vart norgesmeisterar i Mix. Økonomien i klubben er også svært bra, noko som NM på heimebane er grunnen til. 

Det nye styret:
Leiar: Stig Høynes
Nestleiar: Kristen Lotsberg
Styremedlemmer: Synnøve Fagerstrand og Walther Fagerstrand
Kasserar: Harald Fagerstrand
Vara: Lisbeth E. Espe
 


Møtet vart avslutta med premiering for for dei beste i årets sesong

 


22/9/2002
Kristen vart lagsmester
Kristen var i ei klasse for seg, i årets lagsmesterskap i Mino H.K. Etter innleiande kasting var det Henrik som var best, men i Kongelaget var det ingen som kunne halde følgje med Kristen. Gunvald blei nr. 2, Gunnar nr. 3, Jostein nr. 4, Henrik 5, Tor 6 og John Roar nr. 7. 
I B-kongelaget blei Stig nr. 1, Walther nr. 2, Harald nr. 3, Synnøve nr. 4, Knut nr. 5 og Lisbeth nr. 6.

1/9/2002
Signar Fauske vann Mino-cupen
Signar vann årets Mino-cup etter omkasting mot Tollef Årdal etter kongelaget. Begge kastarane hadde 134,5 poeng, og to kastomgangar måtte til for å skille kastarane. Her fekk Signar 25 og Tollef 21, og Signar kunne ta med seg vandrepokalen heim til Viksdalen. I B-kongelaget var det Gunvald Hafsås som kasta best med 115 poeng, med Magne Gloppestad rett i hælane med 113. Totalt 18 kastarar var med denne søndagen. Arrangøren hadde gjerne sett at fleire hadde tatt turen til Nordfjordeid, men kanskje kjem det fleire neste år. 

1/9/2002
Tollef Årdal Skjoldmester
Tollef vart onsdag kveld vinnar av ope Skjoldmesterskap i Årdalen. I finalen vann han over Tormod Flatjord, også han frå Skjold. Gunnar kom på 4. plass, Henrik vart nr. 6, Stig nr. 7 og Harald nr. 11. I B-cupen var det Magne Gloppestad som trekte det lengste strået i finalen mot Øyvind Hegrenes frå Førde. Synnøve kasta bronsefinale mot Knut. Her vart det Synnøve som var best, og enda med det på en fin 3. plass. 

25/8/2002
Stor dag for Vikane
Vikane vann både dameklassa og Klasse 1 i norgescupstemnet på Reed søndag. I dameklassa vann Else Skarstein finalen mot Audhild Sagosen frå Nordhordland. Lisbeth blei nr. 6 og Synnøve nr. 7. I klasse 1 tok Rolv Myklebust skalpen til Brynjulv Fonn i finalen, etter å ha vunne over Jakob Kvile frå Gloppen i semifinalen. Stig blei nr. 4, Gunnar nr. 13, Kristen nr. 17, og Henrik nr. 21. I finalen i B-cupen vann Gunvald finalen mot Kjell Gjøsdal frå Ørsta. Walther blei nr. 12 og Jostein nr. 19. Knut og Harald blei utslått etter innleiande kasting.

Norgescupen 2002
Torbjørg Årdal frå Skjold og Brynjulv Fonn frå Spiralen vann årets Norgescup sammenlagt.  
I begge klassene var ingenting avgjort før dei siste kampane var ferdige på Reed. I dameklassa kom Synnøve på 4. plass og Lisbeth på 9. plass. I klasse 1 kom kristen på 9. plass, Stig 11. plass, Gunnar 14. plass, Henrik 32. plass, Walther 64. plass, Gunvald 67. plass, Harald 75. plass, Tor 80. plass, John Roar 124. plass, Knut 128. plass og Jostein 131. plass.  

Sjå komplett liste

24/8/2002
Signar og Torbjørg vann NC2
Signar Fauske frå Førde og Torbjørg Årdal frå Skjold vann dagens NC2 stemne på Reed. I dameklassa kom Synnøve på andre plass og Lisbeth på niande plass. I klasse 1 kom Kristen på tredje plass, Gunnar nr. 9, Stig nr. 12 og Henrik nr. 34. I klasse 1 B-cup var Knut Andersen best av kastarane frå Mino med en 13. plass. Gunvald blei nr. 16, Walther nr. 25 og Jostein nr. 34. Det var totalt med 97 kastarar på stemnet på Reed. 

18/8/2002
Lisbeth og Synnøve nr. 1
Lisbeth og Synnøve blei søndag fylkesmesterar i par damer. I finalen slo dei paret frå Vikane, Else Skarstein og Tove Mette Fonn. I klasse 1 blei Kristen og Stig nr. 5 i Gruppe A. I gruppe B kasta Knut og Tor seg inn til ein fin 2. plass. John og Henrik blei nr. 4 etter tap i bronsefinalen. Walther og Harald  blei sist etter å blitt utslått etter innleiande kasting. Fylkesmesterar i klasse 1 blei Reidar Skrøppa (bildet) og Gunnar Kvile frå Gloppen. 

17/8/2002
DM Par, Sogn og Fjordane
Søndag 18. august blir det arrangert ope DM-par på grusbana i Utvik. I fjor blei DM par arrangert i Angedalen med Kristen og Stig som vinnarar. Gunvald og Henrik kom på 12. plass, og Walther og Synnøve blei nr. 16. 

Knut Fonn trur det kjem til å vere med omlag 25 par. Dette er kanskje litt lite, men på grunn av at det er norgescupavslutning på Breim neste helg er det heller tvilsomt at så mange kjem denne helga. 

Mino stiller med: Lisbeth og Synnøve, Harald og Walther, John Roar og Henrik, Kristen og Stig.

27/7/2002
Vikane-Mixen 2002
Gunvald og Klaus Solheim gjekk heilt til topps i Vikane-Mixen. Etter ein svært jamn finalekamp mot Rolv Myklebust og Harald Fonn, kunne Gunvald og Klaus gå av bana med 29-25 siger. Stig kom i par med Arne Klakegg, og blei nr. 3. Kristen og John Roar blei nr. 5. Synnøve og Leif Heggheim kasta seg inn til ein 6. plass. I B-cupen kom Harald og Asbjørn Furevik på ein flott 2. plass. Dei vart slått i finalen av Magnus Årdal og Magnus Fonn. Walther og Henrik blei nr. 4. 




Sjå fleire bilder



Fullstendig resultatliste: 
A-cup
1. Klaus Solheim og Gunvald Hafsås
2. Rolv Myklebust og Harald Fonn
3. Stig Høynes og Arne Klakegg
4. Kurt Årdal og Alv Sunde
5. Kristen Lotsberg og John Roar Øien
6. Leif Heggheim og Synnøve Fagerstrand
7. Knut Fonn og Trygve Vie
8. Daniel Ripe og Lars S. Klakegg
9. Reidar Skrøppa og Olav Årdal

B-cup
1. Magnus Årdal og Magnus Fonn
2. Asbjørn Furevik og Harald Fagerstrand
3. Nils Jakob Juklestad og Trygve Flatjord
4. Henrik Stokkenes og Walther Fagerstrand
5. Jan Bruland og Helge Sætre
6. Magne Gloppestad og Tor Skrøppa
7. Jan Skåden og Leiv Myklebust 

23/7/2002
Kristen vann igjen  
Også i år var det Kristen som drog det lengste strået i Ope Gloppemesterskap. På grunn av fare for nedbør vart det kasta cup i staden for kongelag. I finalen kasta Kristen i mot Johannes Nedrebø frå Skjold HK. Stig blei nr. 4 etter å ha tapt bronsefinalen mot Kjell Aske frå arrangørklubben. Gunnar rauk ut i 2. cuprunde i A, og vart med det omlag nr. 10.  I B-cupen var det Walther som var best med en 5. plass. Mino hadde med heile 11 kastarar, noko som ein må seie er meget bra for ein klubb med 15 aktive.


Laurdag tek mesteparten av kastarane turen til Utvik der det skal arrangerast partrekking. Stig og Walther vart i fjor nr. to, og Henrik og John Roar nr. 8. Harald Fagerstrand vart trekt i par med Harald Fonn, og dei kasta seg inn til 3. plass i B-cupen. 

19/7/2002
Ope Gloppemeisteskap
Tysdag 23. juli kl. 19.00 er det Ope Gloppemeisterskap på Reed. Konkurransen blir avvikla med innleiande kasting etter Gloppenmetoden, og avsluttande kongelagskasting. 

I fjor vann Kristen, og sette ny norsk rekord i kongelagskastinga med 142 poeng. På andre plass kom Tollef Årdal, og på tredje Magnus Fonn. Gunnar blei nr. 13, Stig nr. 23, John Roar nr. 27, Synnøve nr. 29, Walther nr. 35, Atle nr. 37 og sist av samtlige Henrik nr. 39.    


4/7/2002
Vel blåst !
På treninga måndag vart Synnøve og Kristen sitt norgesmesterskap i Mix feira. Samtidig var alle enige om at det har vore et vellykka NM arrangement. Alle har vore med og gjort en kjempejobb. 

På treninga var det oppmøtt 11 kastarar, noko som en må sei er bra, berre 24 timar etter at NM arrangementet vart avslutta søndag. Neste lokale stemne er Vikane-Mixen laurdag 27. juli. Dette er ein parkonkurranse der para blir trekt i hop ut fra dei som er påmeldt. 

30/6/2002
Kjerstad og Ripe vann NM 
Janita Kjerstad frå Hildre HK vart Norgesmester for Damer på Nordfjordeid søndag. Sølvmedaljen gjekk til Linda Gjøsdal og bronsemedaljen til Bjørg Askeland frå Nordhordland. I herreklassa var det Daniel Ripe, fra Skjold, som vart Norgesmester. Ripe tok skalpen til Jakob Kvile frå Gloppen i finalen og kunne feire på gullstol. Bronsen gjekk til Oddvar Turøy frå Førde. 
For meir informasjon gå til NM-sidene.

29/6/2002
Synnøve og Kristen vann NM 
NM i Mix vart i dag vunne av Kristen og Synnøve. I finalen slo dei fjorårets noprgesmestera i Mix Bjørg Askeland og Arne Drageset frå Nordhordland.   I par for herrar vart det overraskande siger til Øyvind Hegrenes og Jan Bruland frå Førde, medan Audhild Sagosen og Bjørg Askeland vann dameklassa.
Kjem tilbake med bilder og alle resulata etter stemneslutt søndag.

29/6/2002
Mange påmelde kastarar
Det ser ut til at det blir god deltaking under denne helgas NM. Nesten 100 kastarar er forhandspåmelde til dagens NM i par. Kjem tilbake med resultatlistene i kveld

23/6/2002
NM nærmar seg
No er det snart klart for NM på Nordfjordeid. Arrangementet kan en vel sei er i rute, så nå er det berre å håpe på sol og sommar. Skal på desse sidene legge ut så mykje informasjon som mogleg. 

17/6/2002
Synnøve blei Fylkesmester
Synnøve kasta glimrande, og blei søndag fylkesmester i dameklassa. Stevnet blei arrangert i Angedalen, og Mino hadde med 7 kastarar. 

I gruppe A blei Stig nr. 10, Gunnar nr. 11 og Kristen nr. 17. 

I gruppe B kasta Henrik seg inn til en flott 3. plass. John Roar blei nr. 10 og Walther nr. 15. 

13/6/2002
Sosialt samvær
Det sosiale samværet under NM helga blir på Expeditionen. Her kan en ete og danse så mykje en vil for kr. 150,- Det blir variert dansemusikk for ein kvar smak. Vil du vere med på dette, ta kontakt med Gunnar D.Bugge snarast. 


9/6/2002
Gode prestasjonar i Parkasting
Det var gode prestasjonar i DM par for Møre og Romsdal laurdag. 

Stemnet i Tussvika blei avslutta med parkasting, og det var her Mino gjorde seg mest bemerka. I dameklassa vann Lisbeth og Synnøve etter veldig god kasting. 


Gunnar og Gunvald blei nr. 2 i herreklassa, berre slått av Johannes Nedrebø og Daniel Ripe frå Skjold. Kristen og Stig blei nr. 5.

I gruppe B blei Tor og Henrik nr. 3 og Harald og Walther nr 4.  

I singelstemnet tidlegare på dag var det ikkje dei heilt store resultata for Mino sin del. I dame klassa kom Synnøve på tredje plass og Lisbeth på fjerde.  

I klasse 1 hadde Mino med åtte deltakarar. Av desse kvalifiserte fire seg til gruppe A og fire til gruppe B. I gruppe A blei Stig nr. 6, Kristen nr. 7, Tor nr. 8 og Henrik nr. 11. I gruppe B vann Gunnar etter å ha besigra Perry Lien i finalen. Gunvald blei nr. 5, Harald nr. 11 og Walther kasta seg inn til ein 12. plass. 

Neste stemne for kastarane i Mino blir søndag 16. juni i Angedalen. Her skal det kastast Regionalt NC i Single.


27/5/2002
Knut Fonn leiar Norgescupen

Vikanekastaren Knut Fonn leiar Norgescupen etter stemna  i helga. Best av kastarane frå Mino er Gunnar med ein 8. plass. Walther er nr. 32, Kristen nr. 37, Harald nr. 54, Stig nr. 60, Henrik nr. 68 og Gunvald nr. 70.

I dameklassa er det Torbjørg Årdal, frå Skjold Hesteskoklubb, som innehar fyrsteplassen. Her ligg Synnøve på ein flott 3. plass.

Neste stemne er 8. juni i Tusvika på Sunnmøre. Her skal det kastast R-NC single og DM par.


26/5/2002
Gunnar nr 10 på Lindås
Gunnar vart i dag nr. 10, i gruppe A, i det Nasjonale Norgescupstemnet på Lindås. I åttandedelsfinalen vart Knut Fonn for sterk, etter at Gunnar hadde leia 18-13. Synnøve som i går vart nr. 1 i Damer gruppe B, tok i dag ein 2. plass i gruppe B. Harald og Walther blei utslått i fyrste cuprunde i gruppe B, og plasserte seg dermed på ein plass mellom nr. 9 og nr. 16 i gruppe B. Harald Starta dagen med å slå vinnaren frå dagen før, Arnfinn Austegard, så då var vel dagen redda for han sin del.  


25/5/2002
God innsats på Lindås
Gunnar kasta seg inn til ein flott andreplass i Gruppe A, i det regionale Norgescupstemnet på Lindås laurdag. Walther og Harald kvalifiserte seg til B-gruppa etter innleiande kasting. Her var det Walther som gjorde det best med ein god andre plass. Harald var litt uheldig, og vart utslått i fyrste cuprunde. Men kjenner vi Harald rett kjem han sterkare tilbake søndag. I dameklassa mangla Synnøve eit scorepoeng på å kvalifisere seg til A-gruppa. Synnøve revansjerte dette med å vinne gruppe B. I morgon søndag er det Nasjonalt Norgescupstemne. Kjem tilbake med resultata frå søndag så snart desse er klare. 


Vinnar i Gruppe A:
Arnfinn Austegard


17/5/2002
Informasjon om NM på Nordfjordeid er lagt ut.
NM 2002

1/5/2002
Synnøve og Kim tok kvar sin 1. plass
Det var Synnøve, Kim Walther og Kristen som sto for dei beste prestasjonane under det regionale norgescupstemnet i Årdalen 1. mai.  Synnøve slo ut Torbjørg Årdal i semifinalen, og beseira Åsta Huus Myrmæl i finalen. Synnøve vant dermed dameklassen som hadde seks deltakarar.  



I klasse 2 viste Kim at han også er ein god kastar. Han kasta ganske bra i den innleiande kastinga og fekk bra med poeng.  I finalen møtte han Andreas Bolset frå arrangørklubben. Etter å ha starta meget bra, knytte det seg litt for ungguten og Andreas tok han igjen på 15-15. Men med god kasting greide Kim å dra det lengste strået og vann dermed klasse 2.  


I klasse 1 hadde Mino med 7 deltakarar. Walther trudde lenge at han hadde greid å kvalifisere seg til A-cup. Men det viste seg at han hadde et halvt poeng for lite og han måtte kaste i B-cupen. Harald møtte sterk motstand i innleiande kasting og fekk 5 poeng. Dette holdt til B-cup. Her kasta Harald seg inn til ein 18. plass og Walther fortsatte med god kasting og gjekk gjennom to cuprundar. I kvartfinalen møtte han Magnus Austreim frå Nordhordland. Her møtte han sin overmann og fekk dermed 5. plass. Magnus Austreim vann B-cupen føre Sølve Merkesdal og Trygve Årdal.


Av dei som kvalifiserte seg til A-cup var det Kristen som plasserte seg best av våre kastarar. Etter tap mot Arne Drageset frå Nordhordland i Kvartfinalen fekk Kristen ein 5. plass. Gunnar blei utslatt av Jan Bruland i åttandedelsfinalen og blei nr. 13. Stig kom på 17. plass, Henrik 20. plass og Gunvald kasta seg inn til ein 22. plass. A-cupen blei vunnen av Førdekastaren  Inge Byrkjeland, Jan Bruland vart 2, og Tollef Årdal vann bronsefinalen mot Arne Drageset. 

  Sjå heile arkivet på minohk.no

 

 

 

 

 

 

 

 



 

 

 


© Midtre Nordfjord Hesteskoklubb - MINO H.K.      Web-redaktør: Stig Høynes