Hesteskosesongen  2004



Norgesmesterskapet Nordfjordeid 2004 


Mino arrangerte 3. og 4. juli NM i Hesteskokasting på Nordfjordeid. Det såg lenge ut til at heile stemnet skule regne vekk, men rett etter stemnestart laurdag lysna det opp. Så resten av helga var det kjempefine forhold på grusbana ved Eid Idrettshus. Resultat og bilder frå dei enkelte konkurransane finn du ved å klikke deg inn på linkane til venstre  

Synnøve Fagerstrand frå arrangørklubben sette krona på verket for eit vellukka NM med å bli norgesmester i dameklassa.

I herreklassa synte Inge Byrkjeland nok ein gong at han er den beste kastaraen.

Henrik Stokkenes gjer alt han kan for at banene skal vere i tipp topp stand.  

Finalane vart komenterte av jubilanten John Roar Øien. Øien fylte 53 år denne dagen og han held seg godt. Skulle ikkje tru han var ein dag over 60. 

Laurdag kveld var det sosialt samver i Jektehola.